02 april 2011

Sol(o)tur

I dag var det knallvêr til ein forandring, så etter å ha unnagjort ein nødvendig tur til Førde, og ein til Olsetvikane for å kvitte meg med litt skrot, pakka eg skipssekken, monterte båten på bilen og køyrde rett i Staveneset. Flott ettermiddagssol, nesten vindstille og fem-seks plussgrader ønskte meg velkommen. Nattefrosten hadde lagt att eit tynt islag innerst i Stavenesvågen, så Vallyen måtte gjere tjeneste som isbrytar dei første 50-60 meterane. Det greidde den sjølvsagt heilt flott, og vel ute i ope farvatn bar det rett vestover.

Stor fjære

On the rocks..

Ein speidar var det første som møtte meg då eg nærma meg Smelværet. Ein skarv i lav høgde og i store sirklar rundt meg. Eg har lagt merke til det fleire gonger;  når eg nærmar meg ein skarveflokk kretsar det eit, av og til to individ rundt meg nokre rundar, som om dei vil sjekke ut kva dette er for noko. Eg såg etter flokken og oppdaga den på ein holme nokre hundre meter unna.
Det var mykje fugl å sjå, og sør i Smelværet sat eit ørnepar på eit skjær. Eg prøvde å snike meg innpå for å ta bilder, men ørna var ikkje interessert i nærkontakt i dag heller.


Tviberg og Alden i vårsol.

Ørn på vakt.

Fastbuande på Heggøyna.

I Heggøyna vart eg møtt av ein flokk firbeinte som var atskilleg meir interessert i kontakt. Dei trudde kanskje eg hadde mat med, noko eg for så vidt hadde, men den ville eg ha for meg sjølv.
Eg rusla litt rundt i vårsola, den varma faktisk godt, før eg sette meg i kajakken att. Planen var å padle gjennom Vaulen over til austsida av øya, men der var det ikkje sjø nok i dag, ikkje eingong til ein kajakk.

Ikkje lett å padle her.

Blått hav og Staveneset.

Eg snudde båten og sette kursen heimover. Inne i Stavenesvågen hadde sola vunne over isen, eller vår over vinter om du vil, så eg kom meg i land utan hindringar.



Fin tur på ca. 15,5 km, første vårturen i år !

Det med skarvespeidarar er det fleire som har lagt merke til ! Eg googla "skarv speider",  og kven andre enn Padlemia, ein blogg eg følger og som du finn link til her på sida, dukka opp blandt søkeresultata.
HER finn du den historia. 

Ingen kommentarer: