27 mars 2011

Padling med litt av kvart.

Det har vore mykje jobb og lite padling dei siste vekene, men eg kom heim tirsdag til tre veker fri, og i dag vart det endeleg tid og vêrforhold til ein tur. Vind og regn/snø i føremiddag, men det betra seg ut på dagen. Nina vart med, og vi padla frå Staveneset i totida i ettermiddag.
Litt vind og grov sjø frå nordvest møtte oss i det vi runda Staveneslykta, og vi padla rett imot utover mot Ryggene. Her er det grunnt, og sjøen var ganske grov og rotete der det ikkje braut. Vi sette først kursen mot Kråka, men ombesemte oss og padla sørvestover i le for Smelværet, der sjøen vart mykje rolegare.

Med kurs for Heggøyna.

Sola gløtte fram innimellom og vi småprata og padla i roleg tempo over mot Heggøyna. Her vart det rast, litt mat, varm sjokoladedrikk a la "rett i koppen" - eller var det kroppen ? - frå Toro, og litt sjokolade med frukt og nøtter frå Freia. (Nam)
Godt med energipåfyll før siste etappe tilbake til Staveneset via Melsholmen.

 Rast på Heggøyna



Ved Melsholmen

Frisk tur, litt utfordringar i bølgjene, litt sol, litt vinter, litt vår, litt sur byge inn att mot Staveneset, godt selskap, god trim, alt i alt ei flott naturoppleving !
Ca 11 km.





4 kommentarer:

Marianne sa...

Hallo Kjell, alt vel ser jeg :-) Dere har mye fint vær på vestlandet, artig og lærerikt å padle når det står litt på!

Lene Gjelsvik sa...

De er tøffe som fer på tur i ruskeveret! :o)

Odin Hestholm sa...

Såg ut til å vere ein fin tur! Når ting roar seg, er eg klar for ein tur til Smellveret igjen. Hadde vore fint med ein tur til Heggøyna også!

AG sa...

Godt at doke kom opp på den "HØGE" brygga Kjell.
Håpar at eg kan vere med snart:)

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...