03 mars 2011

Sunnfjords perle !

Søndag hadde Nina og eg Flokeneskaia som utgangspunkt for padleturen.Vi møttest som avtalt klokka 11, og litt etter var vi på veg ut Flokenesvågen i pluss 4 grader, gråvêr med litevetta regn og omtrent null sekundmeter vind. Fine padleforhold, men ikkje akkurat det yr.no hadde lova eit lite døgn i førevegen. Men pytt pytt, litt småregn gjer ingen ting når ein likevel held seg så nær det våte element.

Frå Flokeneskaia mot vest, Svanøy lengst vekke midt i bildet.


Klar til å gå ombord.

Målet i dag var Svanøy, Sunnfjords perle, og vi sette kursen dit. Svanøy ligg i utløpet av Førdefjorden, har Stavfjorden på sørsida og Brufjorden på nordsida og høyrer til Flora kommune. Ei skogkledd og idyllisk øy med ei mengd mindre øyar, holmar og sund som utgjer eit fantastisk padleterreng.
Mellom Austneset og Langøya

frå Austnesvågen.

Svartestilla

Mat og kaffi ved butikken i Svanøybukt

Vi gjekk på land i Svanøybukt og lånte oss eit bord ved butikken der vi åt nista. Litt fotarbeid gjer også godt etter ei økt i kajakken, så vi rusla ein tur oppover til Svanøy Hovedgård.

Svanøy Hovedgard.

Kyrkjegarden med steinkrossen.

Frå Svanøy Hovedgard


Øya har ei rik historie, og har spor etter busetnad som kan daterast 4000 år tilbake i tid.
Eirik Blodøks, ein av kongane i vikingtida, var truleg fødd på Svanøy og oppfostra på garden Erikstad.
På kyrkjegarden står ein steinkross med runeskrift som vitnar om Olav den Heilage si kristningsferd om lag på same tid.
Her har også m.a vore gruvedrift etter koparkis, saltkokeri og klebersteinsbrot.
Øya lever ikkje berre på gamal historie, i dag er her mange bedrifter; havbruksanlegg, røykeri, båtbyggeri, jordbruk, hjortesenter og fleire andre.
Men i dag virka det ganske stille på øya. Søndag og VM på ski er vel noko av forklaringa, og ellers er det vel ikkje akkurat sesong for yrande folke- og båtliv. Sikkert noko heilt anna ein sommardag i ferien.

 Svanøybukt.

Tilbaketuren la vi om Flokeneslykta, og vi var tilbake på Flokenes kai om lag 4,5 time etter at vi starta.

 Flokeneslykta.

 Padleruta, ca 17 km.

Fin tur i dag, og Svanøy er eit flott mål for padleturar med utgangspunkt frå Flokenes, men også Stavestranda eller Grimelida er gode utgangspunkt. Ein tur Svanøy rundt er eit av sommarens ekspedisjonsmål.
Fleire bilder HER

5 kommentarer:

Liv sa...

Kjekt at du tok oss med til Svanøya, Kjell. Det er lenge sidan er har vore der. Bilda dine var kjempeflotte og gav eit flott inntrykk av øya!
Må nok bli tur ut igjen der snart for oss også.
Ønsker deg forsatt flotte padleturar :)

Anonym sa...

Takk for fin tur :)

Janne's Photography sa...

Flott tur!:)))
Flotte bilder!;)

Anonym sa...

Det såg flott ut, godt å sjå bilder utan snø som det er her inne i fjorden hos meg .

Arinbjørn

Anonym sa...

Flåtte bilder..Fekk lyst på en tur til Svanøy,Lenge siden sist eg var der..

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...