25 desember 2010

Julebord i Smelværet og klubbtur til Møkalasset.

Det har vore travelt i det siste, men eit par turar i ein kald desember har det likevel vorte tid til. Første søndagen i desember var det fine forhold for ein tur til havs. Ti minuttar køyring heimanfrå ligg Staveneset, utgangspunktet for dei fleste turane mine i kajakken, også denne dagen.

 Frå Staveneset

 Eg måtte bryte meg gjennom eit lite belte med is inne i Vaulen før eg sette kursen nordvestover mot Ryggene. Utanfor her merkar ein havdønningane godt og kjenner kor liten ein blir i dei mektige naturkreftene.

 Utsikt frå Ryggene inn att mot Staveneset

 Litt rotete sjø i dønningane.

Litt grovare sjø var det òg her ute, og eg padla vidare mot Kråka og inn i Smelværet der sjøen roa seg att. Eg gjekk i land på Sandholmane, og i desse førjulstider tenkte eg at det var på sin plass med eit lite julebord i snøen; grovskiver med sylteflesk på, og til å drikke attåt hadde eg solbærtoddy med rosiner i, julegløgg med andre ord, og varm sjokolade. Eit lite, men framifrå selskap tenkte eg med meg sjølv der eg slurpa i meg gløggen og skua vestover havet.
Julegløgg :-)

Det laga seg til med snøbyger sørfrå, og den første nådde meg før eg kom meg i båten att. Haglbyger rettare sagt, og  hetta på Kokataten god å ha på veg inn att.

Godt med hette :-))

Staveneset vart borte eit par ganger på heimvegen, men dukka heldigvis opp att.

 Staveneset rett fram.....trur eg..

 ...der dukka det opp att.

Ein flott, men litt kald tur på ca. 9,5 km som eg brukte rundt 2,5 timar på.

Frå Staveneset mot Smelværet i horisonten.
Fleire bilder frå denne turen finn du HER


 Klubbtur til Møkalasset

Siste søndagen før jul var vi fem stykker frå padleklubben som møttest på Øyra i Askvoll. Godt kledde i seks minusgrader padla Lene, Nina, Odin, Oddvinn og eg sørover gjennom Olssundet forbi Prestøyna til Flatøyna. Stilt og fint på sjøen og veret kan vel ikkje bli stort betre på denne årstida, så vi tok oss god tid og prata og kosa oss utover.

Nina og Lene på Askvika

Oddvinn og Odin med Øyra i bakgrunnen.


Lene ved Prestøyna

Odin på oterjakt med superzoomen.

Vi bestemte oss for å padle til Møkalasset og sette kursen dit. Litt sur austatrekk ute i Vilnesfjorden, men som sagt var vi godt kledde så det la ingen dempar på turen.

Ved Møkalasset.
Utsikt vestover mot majestetiske Alden

Mot Sauesundet.

Inn att padla vi på vestsida av Krokholmen og inn i Sauesundet. Der var vi i land og strekte på beina og tok ein matbit, men det var kaldt nok å stå i ro så det vart ikkje lange pausa. Neste gang tek vi med ved og lagar bål var vi einige om.
Vidare gjekk turen gjennom Sauesundet og strake vegen over Askvika inn att til Øyra.
Lene og Odin med Askvoll bak.

Eg hadde ikkje lada batteriet i kameraet før eg for, og i kulden vart det fort tomt for strøm, så det vart ikkje så mange bilder frå turen. Men vi er fleire ivrige bloggarar med kamera i klubben !
Odin sin versjon av turen finn du HER
Og Lene sin HER

Takk for ein fin førjulstur til Lene, Nina, Odin og Oddvinn

3 kommentarer:

Lene Gjelsvik sa...

God jul! Dette såg no ut til å vere eit av dei betre juleborda i år! :o)

Odin Hestholm sa...

God jul til deg og og takk for fine bilete frå turane! Satsar på mange artige turar i 2011 også!

Anonym sa...

Flott turbeskrivelse.Skal garantert ta en tur til sommeren for å padle i dette området.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...