05 juli 2011

Svanøy rundt 26. juni

Tanken om ein tur Svanøy rundt fekk Nina og eg på ein tur tidlegare i år, og søndagen var ein fin dag for ein slik ekspedisjon. Vi sjøsette i Stubseidvågen, padla over til Kvalstad og fortsette innover på sørsida til Austneset.

Ut frå Vågen. 
Sletteberget, eller Nokkeberget på sørsida av Svanøy er synleg på lang lei.

Fugl på flukt, - Toreheia midt i bildet.

Vi runda Austneståna og padla utover på nordsida. Lettskya og nesten vindstille, men temperaturen var ikkje slik den burde vere midtsommars, så det vart ikkje for varmt i tørrdrakta.

Ved Høgeholmen på Nordaustsida.


Her rundar vi snart Bruneset på veg inn i Svanøybukta. Marøya rett fram.

På Svanøybukt var det litt meir liv og røre enn sist vi var her, båtfolk på tur og open kafe, så i dag vart det nysteikte vaflar til kaffien.

Ymse utvalg for turar på sjøen.

Frå Erikstadvika

Lang rast på Svanøybukt för vi padla vidare vestover gjennom Marøysundet, over Erikstadvika og kom rundt på vestsida av øya. Her trefte vi Jørn som også var på tur Svanøy rundt, men med utgangspunkt i Svortevik.


Jørn, steikje fin båt hadde han.

På vestsida trefte vi også sommaren, det klarna opp og no varma sola meir enn godt i tørrdrakta. Vi var i land på sørvestpynten og strekte på beina, før vi padla over Stavfjorden att.

Mot Grimelia.

På veg over Stavfjorden som viste seg frå si beste side.


Svanøy rundt unnagjort for denne gong ! Fin tur på 26 km.

1 kommentar:

Janne's Photography sa...

Lang flott tur dåke hadde her:-) Flotte bilder av turen, Kjell

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...