24 januar 2010

Padletur 23.01.10















Padla frå Yndestadkaia utover langs land til Mjåset. Derifrå kryssa eg skrått over til Follevågneset der eg var i land og strekte på beina. Vidare innover langs land eit stykke før eg sette kursen mot Korsneset og vidare innover langs land til inste revet, og over til kaia igjen. Oter og sel var å sjå ved Follevågneset, og i Størdal sat ein flokk kråke og ravn og ei svær ørn som eg uroa i arbeidet med å prekivere eit kadaver som låg i fjæresteinane.

Ingen kommentarer: