Sandholmane nord i Smelværet.
Smelværet er eit av altfor mange naturreservat i Askvoll. Stort sett alle øyane og holmane bortsett frå den største, Storøyna, er verna for å gi fuglelivet her ute gode vilkår. Det betyr at ilandstiging i hekketida frå 1.april til 31. juli er forbode. Det er ikkje alltid like lett å hugse, men det gjorde vi i dag og padla snillt forbi.
Litt av fuglelivet vi såg i dag.
At fuglen likar seg her er lett å sjå, her er alltid eit yrande liv og mange ulike artar. Og Lene, i dag kom vi over ein bra stor flokk med ærfugl, og det er ikkje første gangen heller...so da so !
Vi rasta sør på Storøyna med flott utsikt mot Herland, Tviberg og Alden.
På veg inn att mot Staveneset.
Nok til ein kajakk.
Frå Stavenesvågen.
Dagens tur, 13,2 km
Takk for fin tur Nina !
3 kommentarer:
Flott rastebilde! Skulle vore i Smelværet att eg og... Til og med dansken kommenterte at det var lite fugl når han for forbi då..;o)
Flotte bilder Kjell! =)
Er du utflytta sunnmøring du også eller? ;)
Ektefødd sunnfjording Susan, og Lene; dansken var ikkje ut i Smelværet...so da so..
Legg inn en kommentar