09 juni 2011

Danske på langtur!

Den siste tida har eg fulgt med bloggen og GPSèn til Erik B. Jørgensen frå Danmark, som er på skikkelig langtur; Skandinavia rundt i kajakk. Han starta på grensa mellom Russland og Norge, ved Grense Jakobselv den 5. april, og skal padle langs kysten av Norge, Sverige og Finland heilt til grensa mellom Finland og Russland. Ei strekning på mellom 7200 og 7400 km. som han har planlagt å bruke eit halvt år på.  Ikkje skvetten den karen.
Mandag ettermiddag nærma han seg Staveneset, og eg fann ut at eg skulle padle ut å helse på han. Stillt og fint på Stavfjorden, men det sipregna og skodda hang heilt ned i fjæresteinane. Dårleg sikt med andre ord, og nokon padlar kunne eg ikkje sjå. Eg tok ein telefon og fekk sjekka posisjonen til eventyraren, og det viste seg at han mest truleg hadde slått leir for natta på Svanøy.
Jaja tenkte eg, eg er komen i kajakken og er gira på tur, så eg sette kursen nordover i skoddeheimen og håpa det ville lette såpass etter kvart at eg fann fram.
 Dei kom til syne etter kvart, øyane nord om Stavfjorden.

Og det gjorde Svanøya og.

 Etter litt leiting fann eg leiren i ei skjerma bukt heilt sørvest på øya.

Det virka stille, og eg lurte ei stund på om Ole Lukkøye hadde vore der alt, så eg prøvde med eit forsiktig "hallo" og det vart straks litt meir liv i leiren.
 Erik, sprek eventyrar.

Det var verken tid eller vêr til nokon lang visitt, men vi hadde ein kjekk prat om felles interesser før eg  måtte ta fatt på heimvegen. Vêret hadde letta litt, og eg såg Staveneset heile tilbaketuren.

 Staveneslykta.

Eg kom 20 km. nærmare målet mitt for i år på denne turen, 400 km, men dansken sitt mål er 18 ganger den distansen, på halve tida !....jaja.



Dansken sin versjon av visitten finn du HER

Ingen kommentarer: