09 august 2008

Tur til Preikestolen

Ferietur 2008



Ein ferietur måtte vi ha i år og fann vi ut, og i år fall valget på Preikestolen i Lysefjorden. Vi reiste heimanfrå lørdag 2. august og køyrde via Voss og Røldal til Sand i Ryfylke der vi overnatta på Ryfylke Fjordhotell. Søndag bar det vidare til Jørpeland og Preikestolhytta som er utgangspunktet for turen opp på Preikestolen. Turen går i forholdsvis lett terreng og vi brukte godt 1,5 time ein veg, så det er ikkje noko krevjande tur. Vi hadde vekslande ver med nokre lette regnbyger imellom, men tempraturen var fin. Mykje folk i all slags kle og sko og paraplyar gjorde turen spesiellt interessant, og utsikta frå Preikestolen med Lysefjorden 604 meter under er upåklageleg. Ein tur som er verdt å ta.
Vi tenkte å overnatte på Preikestolhytta, men det var ikkje rom i herberget så vi køyrde tilbake til Tau og tok ferja ovrt til Stavanger. Der fekk vi oss hotellrom, og etter ein dusj tok vi ein tur på byen og fekk oss ein sein middag. Mandag køyrde vi nordover til Skånevik og vidare til Rosendal der vi besøkte Baroniet, før vi fortsette til Bergen og overnatta der i leiligheta til Kristin. Etter litt trakking og små-shopping i Bergens gater på tirsdag sette vi kursen nordover og var heime i kveldinga. Fint å få "lufte" seg litt i ferien.

1 kommentar:

AG sa...

Doke er stein hakkane galne om du og Magni gekk ut på kanten når det er ei stooor sprekk lenger inne.
Eg kjenner det kribla under fotabla berre med å sjå på bildene.
Godt doke kom heile heim.
Flotte bilder :)

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...