04 november 2007

Skålefjellet 04.11 - 07
Søndag med fine-ver, kaldt og klart. Ny fjelltrim-post på Skålefjellet så turen gjekk der i dag. Stilt og fint på toppen så eg kunne nyte strevet ei stund. Fin tur.

16 oktober 2007

Torsdag 27. September hadde Anita sin 100. tur på Blåfjellet sidan boka vart lagt ut i fjor haust. Dag Tore, Olaug, Magni og eg vart med. På toppen vart hendinga behørig feira med kringle, kaffi, rødvin og champange i eit nydleg haustver.
Jubileumstur til Blåfjell

19 august 2007

Flokeneset 19. August 08

Søndag med gråver og regn, vi visste ikkje heilt kva vi skulle finne på. Inspirert av ein padletur med Roy Ove dagen før, foreslo eg ein tur i same området. Så det vart til at vi køyrde opp i Flokeneset og rusla ein tur langs fjæra. Eit idyllisk område med holmar og vikar og med utsikt rett til havs.

01 juli 2007

Solvorn 01.07-2007

Heim att i dag - frå Aurland tok vi vegen til Årdal og derifrå Tindevegen over til Turtagrø, vidare ned til Lustrafjorden og utover til Hafslo. Der tok vi avstikkaren ned til Solvorn. Vi tenkte å få oss middag på ærverdige Walaker Hotell, men det var for tidleg på dagen. Der satsa dei på middag om kvelden, av den litt meir eksklusive sorten kunne verten fortelle. Litt stive prisar både på overnatting og middag der i huset, men så absolutt verdt det - litt meir enn det "vanlege" forsikra han. Omgjevnadane var iallefall upåklaglege, eit flott hotell omkransa av ein nydeleg hage. Ei helg der står iallefall på ynskjelista mi. Svolten fekk vi stilt på Linahagen kafe eit steinkast unna, og det var slettes ikkje noko dårleg erstatning. Eg valgte lasagne, den var god den, men røykelaksen Magni åt var kjempegod ( fekk smake) Til dessert fekk vi suppe av rabarbra og jordbær med vaniljeis til - namnam. Så var det strake vegen heim. No er eg komen i godstolen - borte bra, men heime best....

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...