29 november 2011
I ly for Berit.
I helga herja Berit langs kysten, og å komme seg til havs i kajakk var ikkje å tenkje på. Men søndagen valgte Nina og eg å trasse vind og regn, og tenkte at ein inspeksjonstur på vegannlegget i Dalsfjorden kunne passe. Vi la ut frå Eikenes og padla innover langs land på nordsida av fjorden.
Lavt skydekke og regn i Dalsfjorden.
I grunnen ikkje så store synlege endringar innover langs fjorden frå sist vi var her, i februar i år , nokre meter ny veg og eit nytt hol i fjellet inne ved Steiehalsen, der det også var litt aktivitet i dag.
Ny midlertidig ferjekai ved Steiehalsen.
Anleggsferja Osterøy fraktar betong.
Inne ved Ottersteinen var endringane større, arbeidet med brukara i full gang og to kranar ruvar over husa der inne.
Nye tider på Ottersteinen.
Vindfullt ved Ottersteinen, og ikkje så lett å halde kameraet roleg.
Vi hadde hatt lite vind innover fjorden, men her inne auka vinden kraftig. Vi hadde tenkt oss over til brufeste på andre sida og, men valgte i staden padle rett over til Dale, noko som faktisk var krevande nok i nesten meterhøge bølgjer og kratige vindkast frå sida som ville ha oss over ende.
Nina og Marita.
Men vi kom oss velberga over, og der møtte vi Marita som slo av ein prat og baud på husrom så vi fekk ete nista innandørs. Ikkje ofte vi gjer det på padleturane, og akkurat i dag gjorde det godt.
Kystvakta på tokt i Dalsfjorden...etter kva ?
Turen ut att gjekk i motvind og til dels kraftige vind og regnbyger, så vi brukte lang tid og fekk god trim før vi nådde Eikenes i skyminga.
Frisk tur på 13,5 km
Fleire bilder HER
09 november 2011
Sol og silkeføre.
Frå Smelværet mot Tviberg og Alden
På rasteplassen fann eg denne..
..som nesten hadde form av eit "dragehovud" i rotenden.
På rasteplassen fann eg òg litt litt søppel som eg tok med heim til bossdunken.
Flott tur på godt 14 km.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Toreheia 14. februar.
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...

-
Lene inviterte, i lag med Kenneth som stillte hytta si til disposisjon for padleglade. Nina og eg reiste oppover fredag 27.04 til ei langhel...
-
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...
-
I år har eg sett meg som mål, i lag med eit par tre andre i klubben, å padle til Norges Padleforbubd sitt distansemerke i bronse. Då må eg ...