27 august 2009
25 august 2009
19 august 2009
Padletur Staveneset - Tviberg - Askvoll 18.08-09
Det tegna til å bli ein fin dag denne tirsdagen, så eg pakka "skipssekken", køyrde i Staveneset og sjøsette kajakken. Padla derifrå ca. 10.15 sørover forbi austsida av Heggøyna, vidare nord og vest om Hindøya og til Tviberg der eg gjekk i land i Staurvika. Der rasta eg ein god time, inntok niste og kaffi og rusla litt rundt. Derifrå padla eg vidare innover på sørsida av Atløy, gjennom Sauesundet og til Askvoll. Gjekk i land på Øyra i Askvoll litt over kl. 16 så eg brukte knappe 6 timar på turen som er ca. 25 km. Fleire bilder frå turen finn du her
04 august 2009
16 juli 2009
Heim att..
Dagen starta med gråver aust om fjella i dag, og ein telefon til Sognefjellshytta bekrefta mistanken om dårleg ver i fjellet òg, lavt skydekke og regn kunne dei fortelle der ifrå. Ein tur innom yr.no ga ikkje noko vidare håp om bedring heller, faktisk fann vi ut at beste veret for dei neste par dagane var heime, så det vart til at vi vende nasen heimover. Over Strynefjellet i god driv, ein matpause og litt shopping i fagre Stryn og vidare heim.
No sit eg i godstolen og tenkjer at Fanaråken og dei andre fjella i Jotunheimen ligg der seinare òg....
15 juli 2009
Utsikt frå Fuglesteg
mot Skjolden og Lustrafjorden.
Vi kom oss til Fuglesteg i dag. Vi vakna til ein flott morgon på Nymoen Leirplass i Skjolden, og etter frukost og utsjekk køyrde vi den korte turen opp til Fortun. Derifrå må ein ta beina fatt for å komme opp til den gamle fjellgarden. Det er ikkje nokon krevjande tur, vi brukte ein time og ti minuttar i eit nokså roleg tempo, først på traktorveg og siste stykket på ein bratt men god sti.
På Fuglesteg vart vi vel imottekne, vi treffte nokre nordfjordingar som var på veg ned att etter å ha overnatta, men ellers var vi dei første gjestane denne dagen. Vi kjøpte oss kaffi og hellekaker som vi inntok ute på "vollen" med ei flott utsikt ned att mot Lustrafjorden. Etter kvart kom det fleire oppover bakkane, så vertinna på Fuglesteg fekk avsetnad på hellekakene sine i dag og. Ned att gjekk det kjapt, vi brukte 40 minuttar før vi var tilbake ved bilen og sette kursen mot toppen av Sognefjellet. Vi hadde tenkt å overnatte på Sognefjellshytta og kanskje prøve oss på Fanaråken i morgon, men vi vart møtt med regn og kulde der oppe i vel 1400 meters høgde, og meldingane for morgondagen er ikkje så mykje betre. Dermed vart det til at vi køyrde vidare til Lom og fekk oss husrom her for natta, så får vi sjå kva morgondagen har å by på....
Bilder frå turen finn du her
14 juli 2009
Ei god øl etter middag . .

. . i kveldssola ved fjorden i Skjolden
Vi køyrde heimanfrå i føremiddag med indre Sogn som mål for årets ferietur. Der har vi vore før, men denne gongen satsar vi på å komme oss litt meir i høgda. Hadde vel så smått planar om å komme oss til Fuglesteg i dag, men i Gaupne fann vi ut at vi skulle ta turen oppom Jostedalen, - der hadde vi ikkje vore før. Frå Gaupne er det ca. 36 km opp til breen så det er ikkje så lange avstikkaren. Bresenteret er òg verdt eit besøk, mykje historie om istider, brear, liv og lagnad i Jostedalen gjennom tidene for dei som er interessert.
Vidare deifrå bar det vidare innover til Skjolden og lenger kom vi ikkje i dag. Det lei så langt på dag at vi måtte finne oss husrom for natta å få oss middag. Husrom, eller hytte, fann vi på Nymoen camping der vi er no. God middag med godt drikke attåt fekk vi oss på Skjolden Brygge, ei lita perle i fjøresteinane rett nedanfor her.
Frå hytta her har vi utsikt til Fuglesteg, og i morgon får vi satse på å komme oss dit.
Bilder frå turen finn du her.
24 juni 2009
![]() |
Padletur 23.06 2009 |
19 juni 2009
På forrige tur til Stord tok eg med meg padleutstyret mitt, og satsa på å få låne meg ein kajakk for å utforskre skjærgården vest for Fitjar. Kajakk fekk eg låne, og turfølge fekk eg òg. Ole Andreas er padleentusiast og godt kjent i dette fantastiske padleterrenget. Vi fekk oss ein flott tur rundt øyar og holmar som er mykje nytta til hytte og friluftsliv.
Bilder frå turen finn du her.
14 juni 2009
Søndagsfri og sykkeltur. .
...til Brandasund nord på Bømlo
På 12-9 rotasjon har vi fri søndagen midt i turen. Den kan bli lang og kjedeleg dersom ein ikkje finn på noko å ta seg til. Stord og naboøyane har flott natur å tilby både til fjellturar, sykkelturar og kajakkturar. I dag vart det sykkeltur til Brandasund som ligg nord i nabokommunen Bømlo. Ein flott tur, - først over bruene i trekantsambandet over til Bømlo og vidare nordover til øyar og holmar som er samanbundne med bruer heilt nord til Brandasund, då kjem du ikkje lenger landevegen. Dit er det ca. 43 km frå Leirvik. Eg tok meg god tid i fineveret, hadde med meg niste som eg inntok i Brandasundet, med kaffi attåt som eg kjøpte på søndagsopen butikk der. Søndagsopen butikk var det rett over sundet og, - på Skjeret. Eg fekk òg gå inn i gamlebutikken som "Nillo på Skjeret" dreiv i 70 år og som var viden kjend. No er det sonen hennar som driv ny landhandel rett attmed - ikkje noko Rema 1000 der i gården, men ein god gammaldags butikk med rikt utval. Kjekt å finne i våre dagar.
Bilder frå turen finn du her.
17 mai 2009
11 april 2009
Påsketur langfredag
I dag var det gråvèr og vi fann ut at det kunne passe med ein tur til Liavika frå Vågen. Men i Liavika fekk vi lyst til å fortsette vidare til Hollevika, så vi tok ein telefon til Olaug og dermed hadde vi ordna oss skyss tilbake til Vågen der bilen sto. Litt småregn undervegs, men det la ingen dempar på turen. Vi hadde med niste, kaffi og den obligatoriske tursjokoladen som fekk bein å gå på undervegs. Godt over tre timar brukte vi i roleg tempo uten hastverk. Ein kjekk tur som kan anbefalast, kanskje helst no om våren før myggen blir ei plage. Fleire bilder frå turen finn du her
04 april 2009
02 april 2009
14 mars 2009
![]() |
Padletur til Smelværet 14.03.2009 Padla frå Staveneset ut i Smelværet i eit flott vårver i dag. Fann att kolonien med sel der ute som eg og Roy Ove støtte på 3. juledag i fjor. Like nyfikne som sist, men ikkje så lett å komme nær innpå. Fekk nokre bilder likevel. |
13 februar 2009
08 februar 2009
13 januar 2009
04 januar 2009
03 januar 2009
![]() |
Padletur 3.juledag 2008 |
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Toreheia 14. februar.
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...

-
Lene inviterte, i lag med Kenneth som stillte hytta si til disposisjon for padleglade. Nina og eg reiste oppover fredag 27.04 til ei langhel...
-
Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...
-
I år har eg sett meg som mål, i lag med eit par tre andre i klubben, å padle til Norges Padleforbubd sitt distansemerke i bronse. Då må eg ...