03 januar 2009

Padletur 3.juledag 2008
Roy Ove og eg hadde ein fin tur 3.Juledag frå Staveneset og ut i Smelværet. Vi padla nord om Kråka og vidare nord og vest om Sandholmane, og der var sjøen noko grovare enn bilda viser her. Det var vindstille, men dønningane frå havet braut langs med heile nodvestvestsida av øygruppa, Vi kom oss inn i smulare vatn rett sør om Ramsøyna. Der kom vi på ein heil flokk sel på eit skjer, som var snare å komme seg i sjøen når vi nerma oss. Men nyskjerrige som dei er låg dei å kikka på oss når vi passerte, sikkert 8-10 svarte hovud som stakk opp av havflata. Det er grunnt her inne mellom holmane og på vinterstid er sjøen heilt klår, så det er fint å studere sjøbotnen og livet der når vi fer stille gjennom sunda. Som alltid går tida fort på padleturane våre, og sola gjekk ned og det var så smått begynt å mørkne før vi var tilbake i Staveneset. Bilda er tatt med mobilkamera.

Ingen kommentarer: