18 september 2011

Jomfrutur !

Søndag for ei veke sidan sat eg i godstolen sjekka bruktmarkedet på Finn.no og ante fred og ingen fare. Men brått var den der! Annonsen som underbevisstheten sikkert har sett etter lenge! Den skreik mot meg frå PC-skjermen; KJØP MEG!
Mandag var det valg, og eg måtte gjere borgarplikta mi, heile dagen i vallokalet i Stongfjorden, men tirsdags morgonen var eg på veg til byn for å handle. Kajakken var minst like fin som selgaren hadde lova, så den vart med meg heim att.

Gult er kult !

Drittvêr onsdag og torsdag, men fredagen var perfekt for jomfrutur med nyebåten.

Stille og fint på Stavfjorden


 Mot Kråka.

Nyebåten er samme merke og modell som den gamle, Valley Aquanaut, men ein LV (Low Volume), den gamle er ein HV (High Volume) Det betyr at den er 15 cm. kortare, 2 cm smalare, 5 cm lavare og 4,5 kg lettare. Og så er den bygd i glasfiber, den gamle er bygd i polyetylen, eller plast på godt norsk.
Glasfiber betyr at båten blir stivare og kanskje litt raskare, og så er den finare å sjå på; glatt og fin overflate, finare finish og detaljar. Men til gjengjeld tåler den mindre juling enn ein plastkajakk, så den må behandlast litt meir forsiktig.

 Nyebåten i positur på Kråka med Alden og Tviberg i bakgrunnen. Bjutiful !

Tareskogen reiser seg i bøljene.

 Det var litt drag i sjøen og bøljene slo innover svaberga på Kråka. Flotte fotomotiv synest eg.

 Frådande bøljer...

 ...innover svaberga.

Det vart to rast i dag, sør i Smelværet sjekka eg badetemperaturen, tok litt bilder og plukka litt søppel som eg tok med meg heim og kasta i søppeldunken. Har høyrt noko om nasjonal ryddedugnad langs kysten, så eg tenkte eg kunne gjere ein innsats. Eg ser ofte søppel som har drive i land ute i øyane, og har igrunnen tenkt på det ei stund, å ta med litt kvar gong eg kjem over det, så no er eg i gang. 

 Den tek seg flott ut med litt siv i framgrunnen òg...nyebåten :-)
 

 Lasterommet fullt.

 Dagens fangst, lurer litt på om eg finn eigaren til symjefoten òg ein dag..

Dagens tur, 16,5 km.
Meir bilder finn du HER

6 kommentarer:

Odin Hestholm sa...

Gratulerer med fin båt! Ja gult ER kult og Valley er konge...

Lene Gjelsvik sa...

Gratulerer med ny båt! Den skal vel vere med i Bulandet? Støttar prosjekt søppel - bra jobba!

Kjell Yndestad sa...

Takk til begge to, og den skal sjølvsagt vere med i Bulandet Lene.

Janne's Photography sa...

Gratulerer med ny båt:-) fine bilder Kjell :-)

Marianne sa...

Gratulerer med ny båt, den var veldig fin! Og nå er jeg ikke så flau over alle bildene av den fine kajakken min heller :-) jeg er visst normal likevel ... eller så er vi flere som er sprø!

Kjell Yndestad sa...

Takk Janne og Marianne!
Knallfin båt ja Marianne, er vel ikkje heilt ulik din ;-) Ser du var på Sotra i helga, - då er det vel lite truleg at vi ser deg på stormsamlinga i Bulandet neste helg ? Eller ?

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...