01 februar 2011

Padling og litt historie.

For godt og vel tusen år sidan budde det ein villstyring med namn Ingolfr Arnarson i Rivedal. Eg veit ikkje om han padla, men båt hadde han i alle fall, om enn litt større enn ein kajakk, for etter å ha tatt livet av to av sønene til Atle Jarl, ein storkar som budde lengst inne i Dalsfjorden, måtte han flykte landet. Han hoppa i båten og sette kursen for Island, og der han vart han verande og la grunnlaget for dei første busetnadane på sagaøya. I 1907 sette Islendingane opp ei svær statue av Ingolfen i Reykjavik, og ein kopi av denne vart reist i Rivedal i 1961. Eg stoppa på og helsa på han då eg køyrde forbi på veg til søndagens padletur.

Ingolfr Arnarson

Meldingane for søndagen var dårlege med mykje vind, så valget fall dermed på Dalsfjorden med start frå Eikenes. Eg fekk med meg Nina, og vi møttest på Eikenes og var klar i båtane i halv tolvtida.

Nina på veg ut frå Eikenes.

Det har vore ferjetrafikk mellom Dale og Eikenes i 75 år, men no er dette snart historie. Veg inn fjorden og bru over til Dale er under bygging og skal stå ferdig i 2013. Litt av målet med dagens tur var å inspisere framdrifta av vegarbeidet. Arbeidet vart faktisk påbegynt allerede i 1974, men vart stoppa fem år etter, og no i haust vart arbeidet teke opp att.

Søndag og stille på anlegget.

Her enda det i 1979, etter 5 års drift var det bygt 4 km. veg inkludert 500 m. tunell.

Etter å ha inspisert vegarbeidet på nordsida av fjorden padla vi vidare innover forbi Ottersteinen til Fossevika. Vi padla forbi eit oppdrettsanlegg for blåskjel som låg langs med land, slik ser det ut under overflata :
Blåskjel.

 Ottersteinen, utan veg i dag, men snart kjem det eit brufeste her og då ordnar nok det seg.

 Rast i Fossevika.



 I Fossevika var vi på land, godt med niste og varm drikke, før vi padla vidare over til Dale og vidare utover på sørsida av fjorden. Her var det blikkstille og klårt i sjøen, og langs land på sørsida av Dalsøyna var det tett i tett med kråkebollar under overflata.
Kråkebollar i fleng, eit sjeldan syn.

Langs land på sørsida av Dalsøyna.

I Fossevika fekk eg melding frå Lasse. Han hadde padla frå Holmedal og var kommen inn til Eikenes og visste at vi var på tur i området. Vi såg etter han på veg utover, men det vart ikkje til at vi traff han. Han var forbi Eikenes kommen på veg heimover før vi kom ut att.
Vi var tilbake på Eikenes i halv firetida, fire timar etter at vi la ut og hadde tilbakelagt nesten 16 km.
Flott tur i gråvêr med lette regnbyger.
Takk for turen Nina !
fleire bilder frå turen HER

3 kommentarer:

Liv sa...

Du har ein flott fritidsaktivitet Kjell!
Kjekk beskrivelse fra turen , god info. og fine bilder.
Takk for titten:-)

Lene Gjelsvik sa...

Såg ut som ein fin tur dette! har du kjøpt deg nytt kamera sidan du tek bilde under vatn?

Kjell Yndestad sa...

Takk for kommentarar Lene og Liv, kjekt med tilbakemeldingar. Padlng er ein flott måte å oppleve naturen på Liv, kan anbefalast på det varmaste, tippar du hadde passa godt i ein kajakk :-)
Har hatt kameraet ei stund Lene, men det blir sjelden gode undervassbilder så dei fleste blir sletta. Kvir meg litt å ta bilder under vatn og, fordi dei neste bilda som regel blir ødelagt av ein vassdråpe på linsa. Fin tur ja, men vi sakna deg ;-)

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...