28 juli 2011

Langt vest.

Søndag, flott vêr, lenge sidan siste padletur og nytt kompass montert på kajakken som skulle testast. Ut frå Stavenesvågen og kompasset viste 260 gr. dvs nesten rett vest mot Smelværet.  
Stavenesvågen.


Pause med utsikt.

I Smelværet pausa eg på eit skjær, og spekulerte litt på om eg skulle ta sjansen på å padle ut i Moldværet åleine. Hadde vel eigentleg bestemt meg før eg for heimanfrå; at hvis forholda var bra skulle eg ut dit, - og forholda var knallbra, vêrmeldingane òg, så eg bestemte meg for ta sjansen. 

Frå Moldværet mot Tviberg.

Eg tok sjansen på å gå i land òg, etter å ha spurt ein måse om å få lov og fått eit høgt og tydeleg jaaa.
Måtte strekke på beina, sjekke badetemperaturen og ete nista før eg padla inn att.

Fint å padle her.

 Staveneset lang der inne.

 Her ute har fuglane dusj ser det ut til.

 Ein god del båtar å sjå i finevêret, her ein på veg sørover ytre leia.

23 km vart det i dag.

Og kompasset fungerte som det skulle, - greit å vite om ein skulle få skodde på seg langt til havs.
Fleire bilder HER

3 kommentarer:

Odin Hestholm sa...

Tøffing! Kva blir det neste? Ryggsteinane? Så Shetland? :-)

AG sa...

Sprekt

Kjell Yndestad sa...

Har planar om Ryggsteinen ja ! Der ute ligg Paradis, og eg tenkte det kunne vere greit å vite korleis det er der. Shetland blir kanskje i lengste laget..ikkje åleine i alle fall.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...