04 oktober 2010

Takk til Aktiv AS

Eg har fått meg ny tørrdrakt ! Den første, som eg kjøpte hos Aktiv AS for godt to år sidan, var ikkje tett og eg vart våt på føtene når eg låg i sjøen. Etter litt fram og tilbake fekk eg no på lørdag bytta drakta i ei ny Kokatat Expedition mot å betale eit mellomlegg. Ein god deal for meg i alle fall, og eg er godt nøgd med løysinga og servicen eg har fått på Aktiv AS.



Så no er eg klar til Stormsamling og teknikkurs i Bulandet til helga, og til vintersesongen i kajakken :))

1 kommentar:

Anonym sa...

Staseleg kar:) i nyedrakta.
Flott med ny layout på bloggen.

Toreheia 14. februar.

Siste dagen med godvêr på ei stund seier Yr.no, frå i morgon er det synnavind og regn i dagesvis, så eg pakka sekken med litt mat og kle o...